Om Håløyglaget

 

Formål

Håløyglaget i Oslo er eit lag for innflyttarar frå dei tre nordlegaste fylka, men laget er også ope
for andre som føler tilknytning til landsdelen.

image01Håløyglaget skal ta vare på det beste i nordnorsk kultur og stø tiltak til beste for Nordnoreg.

Samanheng:

Laget vart skipa i 1933 og er eit av fleire lag i Bygdelagssamskipnaden(BLS) i Oslo. BLS er eit fylkeslag i Noregs Ungdomslag (NU). Laget har kontor i Bygdelagssamskipnaden, Nordahl Bruns gate 22 i Oslo.

HÅLØYGLAGET – HISTORIKK
Håløyglaget var stifta 1. februar 1933 av ein gjeng ungdommar, for det meste studentar. Formålet var å arbeide for nordnorsk kulturelle og økonomiske interesser, som det står i formålsparagrafen. Dette formålet vart i praksis å skape eit triveleg og heimleg miljø for ungdom som kom nordafrå til hovudstaden. Laget melde seg straks inn i Oslo Fylkeslag
(seinare Bygdelagssamskipnaden) av Noregs Ungdomslag.
Allereide året etter ga laget ut ei samling utvalde dikt av helgelendaren Jon Klæbo. Lagsmøta fram til 1942 var elles prega av innslag av opplysande og kulturelt slag, og sjølvsagt var det dans.

I 1942 overtok nazistane Noregs Ungdomslag. Som nesten samtlige lag følgde også Håløyglaget parolen frå det sittande styret i organisasjonen, og melde seg ut av NU.
Etter krigen vart det stor tilstrøyming av folk til ymse lag og foreiningar, også til Håløyglaget. Dette ga grunnlag for større og meir mangslungen aktivitet. I 1949 vart Håløygkoret og Leikaringen stifta. Laget hadde dreve med amatørteater før krigen, og denne aktiviteten vart nå tatt opp igjen. Skodespelaren Ingrid Øwre var tidleg hyra som instruktør, og heldt
på til ?
John Renø var dirigent for Håløygkoret i alle år. Håløygkoret vart lagt ned i 1997.

Laget skaffa seg fane i 1952. Kunstnaren Jardar Lunde teikna fana, og kona hans, Dagmar Lunde, sydde fana.  Den største genistreken i laget si historie – kjøpet av Håløygheimen – skjedde i 1951, og i 1953 sto den første hytta ferdig på seks mål tomt ved innsjøen Lysern i Enebakk. Like etterpå vart det kjøpt 20 mål til. Ut på 1960-talet vart det behov for ei endå ei hytte, og ho sto ferdig i 1968.

Laget fekk ei storslått gåve i 1973 - ein rundt 80 år gammal bindalsåttring. Karl Figenskau var den glade gjevar. I 1975 segla ein gjeng medlemmar til årsmøte og stemne i NU i Kristiansand. Med seg på turen hadde dei Figenskau. I 1998 makta ikkje laget å halde ”Håløygen” i stand, og

image02den gamle åttringen vart overlevert til Tromsø Museum, slik det var fastsett i gavebrevet.
Kystlaget Arctandria i Tromsø tar seg av vedlikehald og drift av båten i dag.

Håløyglaget berre nedteikna historia før krigen i bokform. Det var Oddmund Utskarpen som rekonstruerte lagshistoria frå 1933 til 1942.

Han brukte kassadagboka – det einaste arkivstoffet som overlevde krigen, og

måtte elles gå gjennom avisreferat, annonsar og intervjue gamle medlemmar.

Boka ”Håløyglaget i fredsår og krigstid” inneheld forutan sjølve lagshistoria, også fleire artiklar. Dessutan det første intervjuet med ein nordmann – håløygen Ottar – reprodusert etter det einaste fullstendige mellomalderskriftet av Alfred den stores Orosius-utgåve.

Medlemstalet har gått opp og ned etter krigen. Det kulminerte på 1970-talet då laget hadde over 400 medlemmar. Så mista vi dansefestane, og dermed viktigaste rekrutteringsarenaen. Seinare har det gått nedover, og i dag sit vi igjen med rundt 50 medlemmar i godt vaksen alder.

Men Håløygheimen blir halden vedlike, likeins dei tre robåtane. To av dei er nordlandsbåtar rigga med snesegl.

 


Hit Counter
Besøkende på siden: