Årsmøte 2020

Stad: Bygdelagshuset i Nordahl Brunsgate 22, møteromet bak Blåsalen.

Tysdag 10. mars 2020 klokka 18.00-20.00

Her er ein link til lokalet gule sider: https://kart.gulesider.no/m/wgRu9

Årskontingenten skal vere betalt før årsmøtet. Har du ikkje betalt enno, så kan du nytte faktura som ligg ved denne innkallinga. Sakspapir blir sendt ut i veka før møtet. Papirkopiar vil vere tilgjengeleg på møtet.

Lett servering.

Saker til årsmøtet:

  1. Opning av møtet
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste
  3. Val av ordstyrar, referent og protokollunderskrivarar
  4. Godkjenning av årsmeldingar for år 2019 for Håløyglaget, Håløygheimen og Te-Nord
  5. Godkjenning av rekneskap for år 2019 for Håløyglaget, Håløygheimen og Te-Nord
  6. Revisjonsmelding
  7. Godkjenning av budsjettforslag for 2020 for Håløyglaget, Håløygheimen og Te-Nord.
  8. Årshjul for 2020
  9. Val av utsendingar til årsmøta i
  10. Årsmøte i BLS, 2 personar, 23. mars 2020
  11. Landsmøte i Noregs Ungdomslag 25.-26. april 2020
  12. Årsmøte Det Norske Teatret, 10 personar, april 2020
  13. Årsmøte Lyseren samarbeidsutval
  14. Grorud Samfunnshus, Representantskapsmøte
  15. Val av tillitsvalde og valnemnd