HÅLØYGHEIMEN

På Håløygheimen har vi 2 flotte lagshytter som ligg idyllisk til ved Lyseren i Enebakk kommune. Her er det flotte leike leikeplassar, trampoline, utegrill, brygge, båtar, badeplass med stupebrett og flott skog med bær og susande graner. Sjå bilete på instragramkontoen vår

Gamlehytta. Solberg Monsen 2010Gammelhytta
På denne idyllisk tømmerhytta er det om lag 8 soveplassar fordelt på eit soverom og hemsen. Her er det ikkje innlagt elektrisitet. Kjøkenet har gasskomfyr. I stova er spisebord og salong.


Nyehytta. Solberg Monsen 2010Nyehytta
På nyhytta er det om lag 10 soveplassar og ei barnesengfordelt på to rom med køyesenger og hemsen. I stova er det plass til mange, med salog og spisebord. Det er lagt inn elektrisk straum og kjøkenet har komfyr. Oppvasken skjer ute i naturskjønne omgjevnader. Det er ikkje lagt inn vatn i hyttene. Vaskevatn hentar vi i Lyseren. Dei feste vel å ta med seg drikkevatn.

Booking
Håløygheimen er mest nytta av medlemmer i Håløyglaget. Vi leiger den gjerne ut til andre. Det er mogeleg å leiga ei eller begge hyttene på Håløygheimen for grupper, etter avtale med bookingansvarlig i hyttestyret.

For å leige hytte kan du sende ein førespurad via dette skjemaet. Opplys kva dato du ynskjer. Evt. kan du ta kontakt pr. telefon med Torhild (99579205) eller Kjersti (91704035).

    Namn (obligatorisk)

    E-post (obligatorisk)

    Telefon (obligatorisk)

    Kva dato ynskjer du? (obligatorisk)

    Kor mange personar? Andre opplysningar (obligatorisk)

    Korleis koma til Håløygheimen?
    Håløygheimen ligg i Enebakk kommune på halvøya Svineset i Lyseren. Det går buss frå Oslo til Bekkevold. Det er om lag fire kilometer å gå frå busshaldeplassen til hyttene. Det er enklest å komma til Håløygheimen med bil. Frå veg nummer 120 i Enebakk kommune tek ein sørover frå Bekkelaget. For å kome heilt fram må ein gjennom ein bom.