OM OSS

Håløyglaget i Oslo vart danna som eit lag for innflyttarar frå dei tre nordlegaste fylka. Laget er ope for alle som har lyst til å vere med på aktivitetane i laget. Aktivitetane er i dag konsentrert om hytte- og båtliv på Håløygheimen og teatergruppa Te-Nord.

Organisasjon
Laget er med i Bygdelagssamskipnaden (BLS) i Oslo. BLS er eit fylkeslag i Noregs Ungdomslag (NU). Te-Nord er medlem av Oslo teatersenter. Håløygheimen er medlem i Lyseren Vel.

Historikk
Håløyglaget var stifta 1. februar 1933 av ein gjeng ungdommar, for det meste studentar. Føremålet var å arbeide for nordnorske kulturelle og økonomiske interesser, som det står i formålsparagrafen. Dette vart i praksis å skape eit triveleg og heimleg miljø for ungdom som kom nordafrå til hovudstaden. Allereide året etter gav laget ut ei samling utvalde dikt av helgelendaren Jon Klæbo. Lagsmøta fram til 1942 var prega av innslag av opplysande og kulturelt slag, og sjølvsagt var det dans.

I 1942 overtok nazistane Noregs Ungdomslag. Som nesten samtlige lag følgde også Håløyglaget parolen frå det sittande styret i organisasjonen, og melde seg ut av NU.
 Etter krigen vart det stor tilstrøyming av folk til ymse lag og foreiningar, også til Håløyglaget. Dette ga grunnlag for større og meir mangslungen aktivitet. I 1949 vart Håløygkoret og Leikaringen stifta. Laget hadde dreve med amatørteater før krigen, og dette vart nå tatt opp igjen. Skodespelaren Ingrid Øwre vart hyra som instruktør. John Renø var dirigent for Håløygkoret i alle år. Håløygkoret vart lagt ned i 1997. MedleFanenmstalet har gått opp og ned etter krigen med ein topp på 400 på 1970-talet. I dag har laget omlag 50 medlemmar. Fleire barnefamiliar har kome til dei siste åra og er flittige brukarar av Håløygheimen. Te-Nord har både unge og vaksne som medlemmer.

Lagsfana
Laget skaffa seg fane i 1952. Kunstnaren Jardar Lunde teikna fana, og kona hans, Dagmar Lunde, sydde fana. Fana er av silke, og det var ikkje så enkelt å få tak i like etter krigen. Men formannen i laget, Håkon Paulsen, hadde ein nevø som var sjømann, og denne nevøen fekk kjøpt silke i utlandet. Fana er omtalt i boka Faner i den frilynde ungdomsrørsla, skriven av Asbjørn Thomassen (1938-2013). Asbjørn var medlem i Håløyglaget og var leiar i si tid.

Håløygheimen 
Den største genistreken i laget si historie – kjøpet av Håløygheimen – skjedde i 1951, og i 1953 sto den første hytta ferdig på seks mål tomt ved innsjøen Lysern i Enebakk. Like etterpå vart det kjøpt 20 mål til. Ut på 1960-talet vart det behov for ei endå ei hytte, og ho sto ferdig i 1968.

Nordlandsbåtar
Laget fekk ei storslått gåve i 1973 – ein rundt 80 år gammal bindalsåttring. Karl Figenskau var den glade gjevar. I 1975 segla ein gjeng medlemmar til årsmøte og stemne i NU i Kristiansand. Med seg på turen hadde dei Figenskau. I 1998 makta ikkje laget å halde ”Håløygen” i stand, og 
den gamle åttringen vart overlevert til Tromsø Museum, slik det var fastsett i gavebrevet. 
Kystlaget Arctandria i Tromsø tar seg av vedlikehald og drift av båten i dag.

I fredsår og kristid
Håløyglaget har nedteikna historia si før krigen i bokform. Oddmund Utskarpen rekonstruerte lagshistoria frå 1933 til 1942. Han brukte kassadagboka – det einaste arkivstoffet som overlevde krigen, og

måtte elles gå gjennom avisreferat, annonsar og intervjue gamle medlemmar. Boka inneheld forutan sjølve lagshistoria, også fleire artiklar. Dessutan det første intervjuet med ein nordmann – håløygen Ottar – reprodusert etter det einaste fullstendige mellomalderskriftet av Alfred den stores Orosius-utgåve.