Julekakebakedag og BLS Framtidsnemnd

Styret inviterer til førjulshygge på Håløygheimen 26. november frå kl. 12.00. Ta med deg den beste julekakedeigen din og del den med andre bakarar.  Om du ikkje vil bake, men berre smake så er du også hjarteleg velkomen!

BLS (fylkeslaget vårt Bydelagssamskipnaden) har sett ned ei nemd som skal sjå på framtida for BLS. Ida Marie Holmin, leiar i Håløyglaget sit i nemda. Nemda ynskjer innspel frå laga i BLS om kva behov dei har og kva dei ynskjer frå BLS. Vi tek ein runde på dette under kakebakinga. Vi ynskjer oss tankar frå laga om aktivitet, rekruttering, samarbeid internt, samarbeid eksternt, organisasjon og ressursar.

Meld frå her om du vil kjem!