Kjøtrull og fårikål 18. oktober
Har du lyst til å lære å lage lammerull? Marit Steiro gjev oss ei innføring i denne kunsten 18. oktober.
Dette skjer på hytta og vi starta kl 12.00. Ca Kl . 14.30 blir det fårikål.
Ingrediensar kvar einskild må ta med (til 1 rull):
– 1 rulleskinn av lam
– ca 1 kg lammekjøtt til fyll (ikkje kjøtdeig)
– spesielle ynskje til krydder/urter/hvitløk
Ingrediensane kan kjøpast no (som det er sesong) og frysast ned. Hugs å ta ut kjøtet slik at det får tine dagen før kjøttrullsyinga. Marit stiller med basiskrydder, løk, gelatin og tråd.
Pris og påmelding
Dagsbesøk til hytta: kr. 30,-medl/50,- ikkje medl. Born under 2 år gratis.
Fårikål: kr. 60,- for vaksne/20,- for born.
Påmelding til kjøttrull og/eller fårikål sendast til ida.marie.holmin@getmail.no/mob: 91610461 innan 13. oktober.