Vil du spele spion?

Te-Nord jobbar med eit stykke som heiter ”Glad hand” av Snoo Wilson. Det har mange roller så gruppa treng fleire folk!

Skinnet bedrar 2015

På norsk får det tittelen ”Veldig, venlig velkomst”. Her er det ingrediensar som harselas med autoritetar, ein oljetankar på veg til Bermuda triangelet og ein gamal cowboy-streik frå ville vesten. Det blir premiere våren eller utpå forsommaren i 2016. Har du lyst til å bli med i teatergruppa? Vi tek alltid imot nye Te-Nord-entusiastar! Te-Nord øver måndagar kl. 1930-2130 på Oslo teatersenter.  Les meir om teatergruppa og ta kontakt med oss her.