Årsmøte og medlemsmøte

Velkomen til årsmøte og medlemsmøte onsdag 15. Februar 2017 klokka 18.00-20.00. Vi handsamar årsmøtesaker, får oss litt lett mat og og ein prat om korleis vi vil at Håløyglaget skal sjå ut når vi fyllar 100 år i 2033.

Møtet finn stad i lokala til Frivillighet Norge, Øvre Slottsgate 2B.
Merk at Frivillighet Norge har flytta til nye lokaler. Her er ein link til Frivillighet Norge på gule sider

Saker til årsmøtet:

  1. Opning av møtet
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste
  3. Val av ordstyrar, referent og protokollunderskrivarar
  4. Godkjenning av årsmeldingar for år 2016 for Håløyglaget, Håløygheimen og Te-Nord
  5. Godkjenning av rekneskap for år 2016 for Håløyglaget, Håløygheimen og Te-Nord
  6. Revisjonsmelding
  7. Godkjenning av budsjettforslag for 2017 for Håløyglaget, Håløygheimen og Te-Nord
  8. Årshjul for 2017
  9. Val av utsendingar til årsmøta i

-Årsmøte i BLS, 2 personar, 27. Mars 2017
-Landsmøte i Noregs Ungdomslag 22.-23. April 2017
-Årsmøte Det Norske Teatret, 10 personar, april
-Årsmøte Lyseren samarbedsutval
-Grorud Samfunnshus, Representantskapsmøte

10. Val av tillitsvalde og valnemnd

Årskontingent skal vere betalt før årsmøtet. Betalingsfristen er 8. Februar. Sakspapir blir sendt ut i veka før møtet. Papirkopiar vil vere tilgjengeleg på møtet.

Umiddelbart etter årsmøtet blir det medlemsmøte om framtidstankar for Håløyglaget.

Saker til medlemsmøtet:
1. Orientering om arbeidet med å endre vedtektene om når årsmøte skal vere gjennomført.
Bakgrunnen for at styret vurderer vedtektsendring er at det kan vere vanskeleg å få klar saker til årsmøtet. Å sette fristen til dømes til utgangen av mars vil kunne gjere det enklare for dei som tek på seg ansvar i laget. Styret har sjekka med Norges Ungdomslag og fått tilbakemelding på at det går å gjere ei slik endring og at det er andre lag også som har det som frist.
Styret ynskjer tilbakemelding på desse tankane og om det er interesse for at det vert jobba med å legge fram forslag om ei slik vedtekstendring på årsmøtet i 2018.

2. Framtidstankar for Håløyglaget
I dag har vi ein super hyttegjeng som står på, ei flott teatergruppe, både nye medlemmar og medlemmar som har vore med mange år. 1. februar 2033 vil Håløyglaget vere 100 år.
Styret inviterer til ein diskusjon om: Korleis ser Håløyglaget ut som hundreåring og kva aktivitetar finst det i laget då?

Bakgrunnen for at vi ynskjer ein diskusjon er også at Bygdelagssamskipnaden (BLS er fylkeslaget vårt) har starta ein diskusjon om framtidig organisering. Styret i BLS ynskjer ein diskusjon neste år om korleis dei på best måte kan støtte opp om aktivitetane i medlemslaga i BLS.  I tillegg skal hovudorganisasjonen vår Noregs Ungdomslag i år vedta ein ny faglegpolitisk plattform.