Jobb i Bygdelagshuset?

I BLS er det ledig ein deltidsjobb i Bygdelagshuset.
Stillinga kan passe for ein pensjonert ihuga lagsmedlem.

Arbeidet omfattar:
Administrasjon av utleige av møtelokala.
o Ta imot tingingar
o Lage avtalar med leigetakarar
o Oppdatere heimeside for utleigeoversikt.
o Sende avtalar til fakturering
o Ut- og innlevering av nøklar

Tilsyn med møtelokala
o Sjå til at lokala er ryddige og tiltalande
o Tinge ekstra reinhald etter behov
o Sjå til at teknisk utstyr er i orden
o Ut- og innlevering av teknisk utstyr til leigetakarar.

–  Kontakt med lag og andre leigetakarar
o Være BLS sin kontaktperson mot laga når det gjeld forhold i møtelokala.
o Ta imot melding om feil eller manglar i lokala.

–  Vedkomande bør ha god erfaring med bruk av datautstyr, og vera sørvis-innstilt
–  Fleksibel arbeidsmengde/-tid og løn etter avtale.

Er du interessert så send epost til styret i Bygdelagssamskipnanden, styret@bls.no og fortel litt om deg sjølv.