Årsmøte 14. mars kl. 17-19

Årsmøtet finn stad i Bygdelagshuset i Nordahl Brunsgate 22. Vi skal vere i Møterom med inngang frå portrommet. Sjå etter lapp på døra.

Vi serverer kaffe, te og smørbrød.

Årskontingenten skal vere betalt før årsmøtet. Har du ikkje betalt enno, så kan du nytte faktura/betalingsinfo som ligg ved denne innkallinga. Sakspapir blir sendt ut med rundskriv i veka før møtet. Styret ynskjer også tidlegare medlemmar og folk som er opptatt av laget velkomne til å delta på møtet som gjester. Her finn du info om betaling av medlemspengar.

Omvising i Bygdelagshuset

I samband med årsmøtet vil vi gje ei omvising i alle dei spanande roma i Bygdelagshuset.

Saker til årsmøtet:

  1. Opning av møtet med registrering av deltakarar og gjester
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste
  3. Val av ordstyrar, referent og protokollunderskrivarar
  4. Godkjenning av årsmeldingar for år 2021 for Håløyglaget, Håløygheimen og Te-Nord
  5. Godkjenning av rekneskap for år 2021 for Håløyglaget, Håløygheimen og Te-Nord
  6. Revisjonsmelding
  7. Godkjenning av budsjettforslag for 2022 for Håløyglaget, Håløygheimen og Te-Nord.
  8. Årshjul for 2022
  9. Val av utsendingar til årsmøta i
  10. Årsmøte i BLS, 2 personar, 15. mars 2022
  11. Landsmøte i Noregs Ungdomslag 23.-24. april 2022
  12. Årsmøte Det Norske Teatret, 10 personar, ca april 2022
  13. Årsmøte Lyseren samarbeidsutval
  14. Grorud Samfunnshus, Representantskapsmøte
  15. Val av tillitsvalde og valnemnd

Spørsmål kan rettast til Ida Marie Holmin, 91610461.

Beste helsing Hovudstyret