Veldig Vennlig Velkomst
Og der har vi det… den nært forestående seieren til Antikrist. Med mindre vi stopper ham. Alt vi trenger å gjøre er å forsere den korte avstanden som skiller oss fra siste sikre observasjon av Antikrist: Cowboystreiken i Wyoming i 1886.
Te-Nord presenterer teateroppsetningen Veldig Vennlig Velkomst
15. -17. april i Nordahl Bruns gate 22.
Velkomen til vårdugnad
30. april – 1. mai er dugnad på Håløygheimen. Vil du vere med?
Vi startar lørdag formiddag og håper så mange har høve til å delta. Og for dei som vil er det sjølvsagt mogleg å overnatte.
Les meir på facebooksida vår.
Årsmøte i Håløyglaget
Styret ynskjer dykk eit Godt nyttår!
Sett av 16. februar. Då er det årsmøte i Håløyglaget kl. 18.00. Forslag til saker må sendast styret innan 15. januar. Innkalling med sakliste vil blir sendt ut til medlemmane 14. dagar før møtet. Møtet finn stad i St. Olavsgate 25.
Vil du spele spion?
Te-Nord jobbar med eit stykke som heiter ”Glad hand” av Snoo Wilson. Det har mange roller så gruppa treng fleire folk!
Kjøtrull og fårikål 18. oktober
Har du lyst til å lære å lage lammerull? Marit Steiro gjev oss ei innføring i denne kunsten 18. oktober.
Dette skjer på hytta og vi starta kl 12.00. Ca Kl . 14.30 blir det fårikål.
Dugnad på Håløygheimen
Hytte- og båtstyret inviterer til dugnad på Håløygheimen 3. oktober kl. 10.00.
Her får du sjansen til å ta i eit tak og prate med nye og gamle medlemmar. Og få med deg nytt om kva som skjer. Meld gjerne i frå til hytte og båtstyret om at du vil delta.
Velkomen!
Nytt tak på Nyehytta!
Takk til den fabelaktige dugnadsjengen som har stått på fleire helger for å legge nytt tak til Nyehytta i juni! No er maurtuene på hemsen fjerna, ein del rote treverk bytta ut og taket har fått nytt dekke. Bravo!
God sommar!
Håløyglaget ynskjer alle medlemmar og vener god sommar! Vi har ikkje arrangement i sommar, men Håløygheimen vil ha mange gjester. Til hausten kan vi sjå fram til kjøttrullsying og fårikålmiddag på Håløygheimen, dugnad på Håløygheimen og teaterøving i Te-Nord.
Bryggeidyll fra seglkurs 2009.