Nytt tak på Nyehytta!
Takk til den fabelaktige dugnadsjengen som har stått på fleire helger for å legge nytt tak til Nyehytta i juni! No er maurtuene på hemsen fjerna, ein del rote treverk bytta ut og taket har fått nytt dekke. Bravo!
God sommar!
Håløyglaget ynskjer alle medlemmar og vener god sommar! Vi har ikkje arrangement i sommar, men Håløygheimen vil ha mange gjester. Til hausten kan vi sjå fram til kjøttrullsying og fårikålmiddag på Håløygheimen, dugnad på Håløygheimen og teaterøving i Te-Nord.
Bryggeidyll fra seglkurs 2009.